
Annvor Seim Vestrheim
Articles
-
Dec 29, 2024 |
nrk.no | Annvor Seim Vestrheim
Det gjeld alle slags forhold, også dei som har blitt drepne i trafikken, opplyser Sigve Bolstad (Sp), statssekretær for Justisdepartementet. Det var natt til laurdag at politiet blei varsla om ein trusselsituasjon på Klepp. Tre personar blei trefte av skot i ei skotveksling mellom politiet og mistenkte, ein mann i 40-åra. Ein polititenesteperson i 20-åra og den mistenkte døydde som følge av hendinga. Totalt har 12 politifolk i Noreg blitt drepne på jobb sidan andre verdskrig.
-
Dec 26, 2024 |
nrk.no | Annvor Seim Vestrheim
CO₂ i atmosfærenLes mer om klima Du spør ChatGPT om kva du skal ha til middag, og ber han tilpasse oppskrifta di med fleire ingrediensar. Men ChatGPT er tørst. Mens du forsøker å finne ut kva du skal bruke gulrøtene i botn av kjøleskapet til, treng KI-roboten vatn for svare på spørsmåla dine. Samtidig som KI-robotar er verktøy som kan finne løysingar på klimakrisa, bidreg dei også til å forverre ho.
-
Dec 5, 2024 |
nrk.no | Annvor Seim Vestrheim
- Kosthaldet i Noreg er langt unna det som er anbefalt, med mindre inntak av fisk, grønsaker og korn, og meir metta feitt. - Prisen på matvarer speler ei viktig rolle i kva folk vel å kjøpe, fleire vel vekk sunne alternativ om dei er dyrare. - Matvaregrupper som fisk og grønsaker har auka i pris dei siste åra, mens kjøtt og sukker har hatt ein lågare auke. - Helsedirektoratet uttrykker bekymring for utviklinga, og meiner det trengst nye tiltak for å endre trenden.
-
Dec 3, 2024 |
nrk.no | Annvor Seim Vestrheim
Brenna er i dag arbeids- og inkluderingsminister i Støre-regjeringa og nestleiar i Arbeidarpartiet. Ho er den som oftast har blitt nemnd som ein arvtakar etter Støre. Ho er klar til å ta over, dersom Støre trekker seg, stadfestar kjelder i Arbeidarpartiet til NRK. Også DN og TV 2 har meldt dette i dag. – Det er ikkje ei aktuell problemstilling at eg på nokon som helst måte skal utfordre Jonas Gahr Støre. Det slo Brenna fast då ho blei spurt om den interne misnøya med partileiaren tidlegare i dag.
-
Dec 3, 2024 |
nrk.no | Fathia Mahmoud Farah |Tom Balgaard |Annvor Seim Vestrheim
Sjølv om praksisen er høgst uvanleg for nordmenn, har benåding vore ein amerikansk tradisjon sidan den fyrste amerikanske presidenten i 1795. Eirik Løkke, rådgjevar i Civita og USA-kjenner, seier at dette har vore ein slags siste utveg for menneske som ikkje har fått rettferd i rettsvesenet. Stadig fleire presidentar har brukt makta si til å benåde personar dei har forbindelsar til, anten familie eller nære allierte.
Try JournoFinder For Free
Search and contact over 1M+ journalist profiles, browse 100M+ articles, and unlock powerful PR tools.
Start Your 7-Day Free Trial →