
Brit Jorunn Svanes
Articles
-
Jun 2, 2024 |
nrk.no | Brit Jorunn Svanes
Like etter ulykka meldte politiet at det såg ut til å vere alvorleg. Naudetatar og luftambulanse rykka ut til staden. – Vi er på staden med mannskap frå to stasjonar. Det skal vere ein person i kvart av køyretøya, sa vaktleiar Christer Skei ved 110 Vest. Bilane skal ha kome frå kvar sin retning. Kort tid etter ulukka blei føraren av personbil erklært død på staden. Vegen blir stengd i fleire timar etter ulykka. – Ulukkesgruppa er på veg til staden, opplyser Vegtrafikksentralen.
-
May 17, 2024 |
nrk.no | Brit Jorunn Svanes
– Mykje sol! Det kan bli den varmaste 17. mai på mange år. Slik oppsumerer statsmeteorog Jon Smits 17. mai-vêret i Noreg. Ifølgje Meteorologisk institutt vil det vere overskya berre heilt nord i Finnmark og på Spitsbergen. Temperaturane ligg an til å bikke 20 grader så langt nord som Troms. – Best bunadsver blir det kanskje i Longyearbyen der 2000 personar feirar 17. mai. Her blir det overskya ver og temperaturar like under null grader, seier han.
-
Mar 2, 2024 |
nrk.no | Brit Jorunn Svanes
Laurdag kveld vart Luttprisane delt ut direkte frå Kviknes hotell i Balestrand. Line Dybedal vart årets artist, Oddny vart årets nykommar. Stian Sjursen Takle vart årets eldsjel og Oddvar Torsheim fekk heidersprisen. Det er 18. gongen at desse prisane vart delt ut til artistar frå Sogn og Fjordane. Tidlegare har artistar som Eva Weel Skram, Sigrid Moldestad og Kjartan Lauritzen fått denne prisen.
-
Dec 31, 2023 |
nrk.no | Brit Jorunn Svanes |Simon Elias Bogen |Hans Christian Boge-Fredriksen
NAF, Norsk Lastebileigar-forbund og Frp er kritiske til regjeringa sitt forslag om å auke satsane på trafikkbøtene igjen. I februar i år auka bøtesatsane for brot på vegtrafikklova med 30 prosent. Den gongen var det brei kritikk mot dei nye satsane. Også i 2022 auka bøtene. Denne gongen vil regjeringa auka satsane for å halde tritt med prisveksten. – Vi meiner denne aukinga som regjeringar foreslår, kjem alt for tidleg, seier pressesjef i Noregs Automotive Forbund (NAF), Ingunn Handagard.
-
Dec 13, 2023 |
nrk.no | Brit Jorunn Svanes
Ein arbeidar ved Hydro Aluminium i Øvre Årdal er skadd etter at han fekk flytande metall over seg. Naudetatane melde først at det hadde vore ein eksplosjon ved verket. Informasjonssjef Anders Vindegg i Hydro seier det er ein person i støyperiet som har fått flytande metall på seg. – Personen er no til lege, men det skal ikkje vere alvorlege skader. Det er vi glade for, seier han.
Try JournoFinder For Free
Search and contact over 1M+ journalist profiles, browse 100M+ articles, and unlock powerful PR tools.
Start Your 7-Day Free Trial →