
Articles
-
2 weeks ago |
vl.no | Lars Inge Staveland
– Nordmannen blir preppet klar for krig av media og myndighetene – snart smeller det, skriv Truls Olfsen-Mehus på sin Facebook-vegg. Han ber om fred, men eigentleg er teksten eit ynkeleg knefall for Russland sin løgnaktige versjon av krigen i Ukraina. Han listar opp punkt etter punkt som han meiner er «aktive provokasjoner» mot Russland. Blant desse er våpenstøtte, men han sveipa også innom idrettsboikott og at Norge har «tatt over» gassmarkedet frå Russland.
-
4 weeks ago |
vl.no | Lars Inge Staveland
Joe Rogan driv verdas største podkast med 14,5 millionar lyttarar på Spotify. Gjestelista er mektig imponerande. Mark Zuckerberg, Donald Trump, Elon Musk og Mel Gibson har vore blant gjestene sidan januar. I tillegg til vårt eigen Magnus Carlsen. I haust kan Joe Rogan ha medverka til at fleire unge menn gjekk og røysta på Donald Trump i presidentvalet. Og nettopp menn er dominerande både på gjestelista og blant lyttarane. Rogan hevdar han slår i begge retningar politisk.
-
1 month ago |
vl.no | Lars Inge Staveland
Når statsleiarar kjem på besøk til Norge, vert Karl Johans gate i Oslo pynta med flagg. Bilkortesjar køyrer sakte gjennom byen og dei fasjonable hotella ruller ut den raude løparen. Demonstrantar får tilvist plass eit stykke unna. Statsleiaren får høve til å vinke til støttespelarar og andre nysgjerrige. Alt etter protokollen. Kontrasten var enorm til dagens besøk. Berre utvalde fekk vite om Volodymyr Zelenskyjs besøk i forkant.
-
1 month ago |
vl.no | Lars Inge Staveland
Oslo — Fredag kveld kom det som kan bli slutten på den transatlantiske alliansen, i alle fall så lenge Donald Trump sit ved makta. I Det kvite hus fekk vi sjå korleis Trump skjelte ut Volodymyr Zelenskyj. Dette er altså den ukrainske presidenten som for tre år sidan vart forsøkt drepen av russiske spesialstyrkar sendt av Vladimir Putin. Og som nå vart skjelt ut av USA presidenten for å be ein tryggleiksgaranti for å underteikne våpenkvile.
-
2 months ago |
vl.no | Lars Inge Staveland
Nemn ordet «statsforvaltar» eller «plan- og bygningsetaten» i eit sosialt lag, og du veit kva du får. Mest truleg får du høyre om andletslause byråkratar som legg seg opp i kor stor bryggja skal vere, eller kanskje parkeringsplassen som ligg for nær eit utmarksbeite. Kanskje får du høyre om at den nye trafikksikre vegen vert langt dyrare fordi anleggsmaskinane skal vere utsleppsfrie.
Try JournoFinder For Free
Search and contact over 1M+ journalist profiles, browse 100M+ articles, and unlock powerful PR tools.
Start Your 7-Day Free Trial →