
Malin Kjellstadli Korsnes
Articles
-
Nov 12, 2024 |
nrk.no | Malin Kjellstadli Korsnes
I fleire år har det falleferdige huset på Mittet i Rauma stått tomt og i fjor ramla det saman. Huset var i så elendig forfatning at arvingane av dødsbuet nekta å ta imot. Rauma kommune overtok ansvaret og la huset ut for sal. Det var berre ein person som beit på etter eit år. – Eg tenkte eg fekk gjere det og bydde 10 kroner, fortel Ole Erik Holsbøvåg (24). Dermed blei han eigar av eit samanrast spøkelseshus og Rauma kommune blei kvitt eit problem. Det var Åndalsnes avis som først fortalde historia.
-
Nov 12, 2024 |
nrk.no | Malin Kjellstadli Korsnes
I stovevindauget på Åse i Ålesund står juletreet pynta i kvitt. Det einaste så langt i nabolaget. Allereie 31. oktober henta Trine Skarbø fram treet frå eska, men ho venta med å pynte det til kalenderen bikka november. – Det er grensa mi. Eg tør ikkje tidlegare, smiler 48-åringen. I mange år pynta ho treet 1. desember, men med åra har det blitt tidlegare og tidlegare. Ho er litt flau over det, for ho veit at naboane snakkar og kommenterer.
-
Nov 11, 2024 |
nrk.no | Malin Kjellstadli Korsnes
Politikarane på fylkeshuset i Molde vart i dag møtt av ropande elevar med gule refleksvestar og plakatar. Ungdommane frå Tingvoll vidaregåande skule er livredde for at skulen skal bli lagt ned og at mange dermed må flytte på hybel. – Det er ikkje alle som er klare til å flytte heimanfrå i ein alder av 15 år. Folk utviklar seg forskjellig og det kan vere ei påkjenning som ikkje alle klarer, seier elevrådsleiar Marte Vågen Husby.
-
Nov 5, 2024 |
nrk.no | Malin Kjellstadli Korsnes
Gjentekne gongar i løpet av eit døgn i september 2023 utførte tenåringen seksuelle handlingar mot det vesle barnet han var barnevakt for. Foreldra til tenåringen sov i etasjen over. Han filma overgrepa og tok også stillbilete av det som skjedde. Bileta delte han med andre personar på internett, og det var slik han blei oppdaga.
-
Oct 30, 2024 |
nrk.no | Malin Kjellstadli Korsnes
Suel Kassembo har budd på Sunnmøre i 20 år, og har kjempa i retten to gonger for å få opphald. Han hevdar han er frå Burundi, og er i livsfare om han blir sendt heim. I fjor haust tapte han i Oslo tingrett og i oktober tapte han i Borgarting lagmannsrett. No har han og støttegruppa bestemt seg for å gjere eit siste forsøk og ankar til Høgsterett. – Vi har framleis tru på at vi skal få rettferd, seier leiar i støttegruppa, Nils Roar Hareide. Sidan romjula i fjor har Kassembo vore i kyrkjeasyl i Herøy.
Try JournoFinder For Free
Search and contact over 1M+ journalist profiles, browse 100M+ articles, and unlock powerful PR tools.
Start Your 7-Day Free Trial →