Nima Taheri's profile photo

Nima Taheri

Articles

  • Sep 6, 2024 | nrk.no | Nima Taheri

    Krig mot narkotika eller full legalisering? Dette meiner dei som kjenner konsekvensane på kroppen. – For å stoppe kokainet treng vi meir kontroll. Meir narkopoliti og betre overvaking, seier general Jose Ludeña, som var sjef i narkopolitiet i Peru da NRK intervjua han. Aldri er det laga meir kokain enn nå, ifølge FN, og i saka «Prisen for stripa» møtte NRK menneska langs kokainruta mot Norge.

  • Aug 18, 2024 | nrk.no | Nima Taheri |Kjersti Lofthaug

    Kvifor vekker kvalfangst så sterke negative følelsar? Noko av svaret finn vi hos ein blodtørstig romanfigur frå 1800-talet. NB! Sterke inntrykk: Denne saka innheld bilde og skildringar av dyr som døyr. ♦♦♦– Kvaaaaaaaaaaal! Klokka har knapt blitt fem på morgonkvisten når ropet gjallar gjennom kvalbåten «MS Ann Brita». Fotograf Nima og eg vart plukka opp i Tromsø i går. Sidan har vi lege kvalme til køys i lugaren, med eit og anna avbrekk for å mate fiskar over ripa.

  • Dec 26, 2023 | nrk.no | Maren Kvamme Hagen |Nima Taheri

    VG-journalist Mona Grivi Norman jaktar systemsvikt på dagtid og løver på kveldstid. – Det er veldig fint å kunne skape ei verd der skurkane alltid blir stilt til ansvar og alt ordnar seg til slutt. Mona Grivi Norman blir rekna som ein av landets skarpaste gravejournalistar. Har avslørt våpenskandale i PST, feil på landets bruer og svikt i psykiatrien. Vunne dei store journalistprisane. Det er ikkje desse bragdene ho snakkar om no.

  • Sep 5, 2023 | nrk.no | Maren Kvamme Hagen |Nima Taheri

    Endetida er nær for Noregs råaste rockeband. Eller berre lèt dei som? Det urovekkande presseskrivet kom i innboksen min i vår. «Total kollaps og katastrofe er alltid rett rundt hjørnet, og vi kan bryte opp og forsvinne til enhver tid,» proklamerte Kvelertak. Bandet viste til at dei hadde opplevd fleire kriser dei siste åra. No var dei klare med nytt album og skulle spele karrierens største konsert som headliner på Tons of Rock, Noregs største festival. Men alt tyda på at noko var gale.

Contact details

Socials & Sites

Try JournoFinder For Free

Search and contact over 1M+ journalist profiles, browse 100M+ articles, and unlock powerful PR tools.

Start Your 7-Day Free Trial →