
Oda Ottesen
None at The Mirror UK
Articles
-
Jan 21, 2025 |
nrk.no | Oda Ottesen
150.000 menneske er drepne, og 12 millionar har flykta frå heimane sine, etter nesten to år med borgarkrig i Sudan. No ser FN teikn på at dei sivile konsekvensane blir endå verre, seier menneskerettskommissær Volker Turk. – Direkte og etnisk motiverte angrep på sivile blir meir og meir vanleg, fortel han. – Sjokkerande brutale hemnangrep mot heile lokalsamfunn, basert på verkeleg eller opplevd etnisk identitet, blir vanlegare. Det blir også hatefulle ytringar og oppfordring på vald.
-
Jan 10, 2025 |
nrk.no | Oda Ottesen
CO₂ i atmosfærenLes mer om klima Det er vanskeleg å vite sikkert kor mange som har døydd i brannane, sidan det er umogleg å ta seg inn for å undersøke mange stader, seier styresmaktene. Men ein av dei ti som har blitt funne, er 83 år gamle Rodney Nickerson. Han var heime i senga si då Eaton-brannen raste gjennom Altadena. – Vi fann kroppen hans. Heile skjelettet var intakt, seier dottera Kimiko til lokale KCAL News. Nickerson kjøpte huset i Altadena for berre fem dollar i 1968, fortel dottera.
-
Jan 8, 2025 |
nrk.no | Oda Ottesen
Det er ikkje noko hemmelegheit at Trump har lyst til å kjøpe verdas største øy. Måndag sa den påtroppande presidenten i USA at folket på Grønland ville «tene enormt på det dersom, og når, dei blir del av nasjonen». Men etter at Trump Sr. nekta å utelukke ein militær aksjon, både mot Grønland og Panama-kanalen, har alarmen gått fleire stader.
-
Jan 2, 2025 |
nrk.no | Oda Ottesen
Politiet i USA meiner det er «tilfeldig» at bilane som blei brukte i New Orleans og Las Vegas begge var leigde gjennom same mobilapp. Det er likevel mykje som er usikkert kring angrepa. Ein mogleg samanheng blir etterforska av både politiet og etterretningstenesta, seier president Joe Biden. – Eg har bede teamet mitt om å sørge for at alle ressursar blir gjort tilgjengelege for dei føderale, statlege og lokale politimaktene, og sørge for at det ikkje er noko att som trugar det amerikanske folket.
-
Dec 26, 2024 |
nrk.no | Oda Ottesen
For ti år sidan flykta dei frå bombene saman. Samar al-Hasani var 18 år gamal. Med ein veslebror under kvar arm sprang ho for livet. Niåringen Mohammed heldt tempoet ved sidan av. Konflikten mellom Israel og Hamas hadde på ny blussa opp. Drygt 15 minuttar før det smalt fekk Samar og brørne ein evakueringsordre på telefon:– Personen sa: «Hei, vi er det israelske militæret. Nabolaget ditt har fem minutt på å kome seg ut av området før det skjer eit angrep,» seier Samar til NRK. I dag bor Samar i Noreg.
Try JournoFinder For Free
Search and contact over 1M+ journalist profiles, browse 100M+ articles, and unlock powerful PR tools.
Start Your 7-Day Free Trial →