Articles

  • 6 days ago | h-avis.no | Sigmund Hansen

    GANSKE TRONGT: Det skal vera tre kontorplasser i kvart rom på det gamle omsorgssenteret. Her kommunalsjef Eileen Selland på sitt kontor dei komande åra (minimum 18 månader) - som ho skal dela med to andre. Foto: Sigmund Hansen Innan utgongen av mai skal alle dei 50 tilsette på tinghuset i Etne vera ute av kontora sine. I nesten to år skal dei jobba i provisoriske lokale andre stader i Etne sentrum.

  • 6 days ago | h-avis.no | Sigmund Hansen

    ETNE: Etter nesten 60 år utan vesentleg vedlikehald, skal det sermerkte tinghuset i Etne totalrenoverast og delvis byggjast om – med ny hovedinngong mot tinghusparken og E 134. Sjølve jobben vil ta 18 månader. Kven som får oppdraget, vil sannsynlegvis vera klart ein gong i denne månaden. Sist fredag var dei tilsette ved utviklingsavdelinga først til å pakka saman sakene sine og transportera dei over til den gamle omsorgsheimen.

  • 1 week ago | h-avis.no | Sigmund Hansen

    SVINGA PISKEN: Sjukemeld kommunedirektør, men sakshandsamar for Skakkesaka i Etne kommune, Filippo Ballarin,sparte ikkje på krutet då han la fram si tilråding for formannskapet fredag. 19. mai kjem saka til endeleg avgjerd i eit ekstraordinært kommunestyremøte. (Foto: Sigmund Hansen). Filippo Ballarin la ikkje fingrane imellom då han karakteriserte det siste året der framtida for Skakke har vore i støypeskjeia.

  • 1 week ago | h-avis.no | Sigmund Hansen

    ETNE: – Prosessen om framtida for Skakke har vore dårleg. Bestillinga eg fekk frå dei folkevalde, var å finna fram til ein bærekraftig driftsmodell. Alternativet der kommunen overtek både idrettshallen og gjelda på 34,5 millionar kroner, vil vera den beste løysinga for Etne kommune. Me bytter leigeutgifter mot å handtera lånet. Alt frå 2028 eller 2029 vil det bli billegare for kommunen enn å betala leige for bruken av idrettshallen.

  • 1 week ago | h-avis.no | Sigmund Hansen

    ETNE: Etne formannskap vedtok fredag å gje Sparebankstiftinga Etne ein frist til 14. mai på å svara ut fleire krav som kommunen set for at samvirkeselskapet Skakke SA skal kunna omdannast til eit ideelt aksjeselskap. Dersom stiftinga ikkje godtek krava formannskapet stilte fredag, skal Skakkesenteret si endelege framtid avgjerast i eit ekstraordinært kommunestyremøte 19. mai.

Contact details

Socials & Sites

Try JournoFinder For Free

Search and contact over 1M+ journalist profiles, browse 100M+ articles, and unlock powerful PR tools.

Start Your 7-Day Free Trial →