
Silje Steinnes Bjerknes
Articles
-
2 months ago |
nrk.no | Silje Steinnes Bjerknes |Silje Thalberg
Det var tysdag 22. oktober 2023 at ei kvinne blei funnen død og ein gut hardt skadd i ein bustad i Vestnes. Ein mann i 20-åra blei pågripen av politiet og blei først sikta for grov vald med døden til følge. Seinare blei han sikta for å ha drepe mor si og for grov kroppsskade mot broren sin. Mannen, som sit fengsla i ein institusjon, anka nyleg varetektsfengslinga.
-
2 months ago |
nrk.no | Silje Steinnes Bjerknes
I alle fall ein person skal vere alvorleg skadd etter ei trafikkulykke i Sunndal. Alle naudetatane rykte ut til staden etter melding om ei trafikkulykke på Grøa i Sunndal måndag morgon. To bilar og tre personar var involverte i ulykka. – I alle fall ein person er alvorleg skadd. Det blir jobba med å frigjere ein person, seier Eivind Klokkersund, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt. Riksveg 70 er stengt som følge av ulykka. Det er uklart kor lenge vegen blir stengt.
-
Jan 23, 2025 |
nrk.no | Silje Steinnes Bjerknes |Tore Ellingseter
På NTNU i Ålesund kan ein høyre mykje hosting og harking i forelesingssalen, fortel student Kristine Hildre Dimmen. Ho er ein av dei som nyleg har vore sjuk. – Totalt var eg sjuk i rundt 15 veker, det var ikkje noko gøy. Eg hadde ikkje lyst til å gå glipp av all undervisninga, så eg måtte berre møte opp, sjølv om eg var heilt tett i øyra og høyrde ingenting, seier ho. Auke den siste vekaOg studenten er ikkje aleine. I dag varsla Folkehelseinstituttet (FHI) at vinterens influensautbrot er i gang.
-
Jan 15, 2025 |
nrk.no | Silje Steinnes Bjerknes
Det blei nervepirrande heilt til slutt då vinnaren av fylkesfinalen i Klassequizen skulle kårast. Før siste spørsmål hadde både Valldal skule og Bekkevoll ungdomsskole like mange poeng. Dermed blei det siste spørsmålet avgjerande. Der trekte Bekkevoll det lengste strået. – Dette forventa eg ikkje, sa ei blid, men overraska Lise Margareth Eiken Nødtvedt, etter at resultatet var klart.
-
Jan 13, 2025 |
nrk.no | Silje Steinnes Bjerknes
Ein mann i 50-åra og ein mann i 40-åra frå Trøndelag møter måndag i Møre og Romsdal tingrett. 28. juni 2023 kolliderte hurtigbåten Tyrhaug med servicefartøyet Frøy Loke utanfor Ringholmen på Nordmøre. Hurtigbåten var på veg til Trondheim frå Kristiansund då ulykka skjedde. Fleire blei sende til sjukehus som følge av kollisjonen. I etterkant av ulykka blei føraren av hurtigbåten sikta. Då tiltalen kom var både skipsføraren og overstyrmannen tiltalte.
Try JournoFinder For Free
Search and contact over 1M+ journalist profiles, browse 100M+ articles, and unlock powerful PR tools.
Start Your 7-Day Free Trial →