Vegard Tjørhom's profile photo

Vegard Tjørhom

Oslo

Correspondent, Africa at NRK

Articles

  • 3 days ago | nrk.no | Vegard Tjørhom |Laila Ø. Bakken

    De siste dagene har det utspilt seg kaotiske scener på Gazastripen. Den omstridte organisasjonen Gaza Humanitarian Foundation (GHF), som støttes av Israel og USA, har overtatt utdelingen av nødhjelp i Gaza. FN og andre organisasjoner er satt på sidelinjen. Nødhjelpen blir nå delt ut ved fire distribusjonssentre, som ligger i områder som israelske bakkestyrker kontrollerer. Mange må gå mellom en og to mil for å komme seg dit, gjennom områder som det israelske forsvaret (IDF) definerer som kampsoner.

  • 2 weeks ago | nrk.no | Vegard Tjørhom

    – Nokre kallar oss «putschiste». Me er ikkje franskmenn, så me forstår ikkje kva det er, seier Ibrahim Traoré og smiler breitt. «Putschiste» er det franske ordet for kuppmakar, noko Ibrahim Traoré er. Likevel får han full jubel for sin udemokratiske spøk. Blir hylla frå både fjern og nærHan er kjent for å vere ein god talar, og akkurat desse orda kjem han med på ein stadion i Ouagadaougou – hovudstaden i Burkina Faso.

  • 3 weeks ago | nrk.no | Fathia Mahmoud Farah |Håkon Benjaminsen |Vegard Tjørhom |Ugo Fermariello

    49 kvite sørafrikanarar, kjende som afrikandarar, landa i Washington denne veka, tekne imot av ein delegasjon frå Trump-administrasjonen. Trump har tilbydd flyktningstatus til denne gruppa og skuldar Sør-Afrika for «folkemord» på afrikandarar. Sørafrikanske myndigheiter avviser påstandane og seier det ikkje finst grunnlag for å hevde at kvite sørafrikanarar blir diskriminerte.

  • 2 months ago | nrk.no | Vegard Tjørhom

    Kvinnene bak symaskinane jobbar så raskt dei kan i eit fabrikklokale utanfor Maseru, hovudstaden i Lesotho. Investorar frå Taiwan har laga fabrikken der det vert produsert for verdskjente merke som Levi’s og Calvin Klein. Og eksporten til USA er stor i det vesle landet som har omfamna Agoa «The African Growth and Opportunity Act». Agoa er avtalen som skulle få USA tilbake i den afrikanske manesjen etter at Kina i årevis har fått betre og betre fotfeste i Afrika.

  • Feb 16, 2025 | nrk.no | Vegard Tjørhom

    Landskapet bølgar seg bortover, før ei fjellside plutseleg skyt til himmels, opp til eit lunefullt vulkankrater – det er berre nokre få år sidan det buldra der oppe og glødande lava rant ned mot storbyen Goma. Dramatisk vakre kulisserKivusjøen ligg der stille som eit samlingspunkt mellom vill natur. Men under det stille vatnet lurer enorme mengder metangass.